Ocean Job Board

Havforskningsinstituttet
Ved faggruppe Norsk Marint Datasenter (NMD) har vi 2 ledige fast stillingar som dataforvaltar med arbeidsstad Bergen.
NMD arkiverer og tilrettelegg forskingsdata med hovudfokus på Havforskingsinstituttets data (hydrografi-, plankton-, egg/larve/yngel-data, trål-, akustikk-, videodata og næringssalter). Forskingsdata skal gjerast tilgjengelege i digitale media.
Arbeidsoppgåver vil vere knytt til arbeidet med både historiske og nye forskings- og metadata, digitalisering, prosessering, forvalting, visualisering, geodataforvalting og publisering. Noko felt-/toktarbeid og anna reiseverksemd knytt til stillinga kan påreknast.
Arbeidsspråket på Havforskingsinstituttet er norsk. Det å kunne kommunisere godt på norsk er ein viktig føresetnad både for den tilsette og for instituttet. Vi legg til grunn at ikkje-norskspråklege tilsette gjennomfører norskkurs i løpet av dei to fyrste åra etter tilsetting. Norskopplæring vil bli dekka av instituttet etter fullførte og beståtte kurs.
Søkjarar bør ha kompetanse innan databehandling/informatikk og relevant erfaring. Det vil bli gjeve opplæring, men kompetanse innan desse systema og plattformene er å føretrekkje:
Vi på Havforskingsinstituttet er overtydde om at personligheit spelar ei rolle i korleis ein jobbar, kommuniserer og trivst på arbeidsplassen. Til denne stillinga ser vi for oss ein medarbeider som
Havforskingsinstituttet har fokus på mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskingsinstituttet er ei IA-bedrift, og vi ønskjer å legge forholda til rette for søkjarar
med redusert funksjonsevne.
Dersom det finns kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling, må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om krava her.
For å synliggjere at du ønskjer å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling ber vi deg krysse av for dette i jobbportalen når du søkjer.
Stillinga vert lønt som 1181 Senioringeniør i samsvar med Hovedtariffavtalen i staten.
Søknad må sendast elektronisk via Jobbnorge. CV, relevante attestar og vitnemål må leggast ved i søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bedt om å vera unnateken søkjarlista. Søkjaren vil bli orientert om dette på førehand.
Havforskingsinstituttet er underlagt regelverket for eksportkontroll. Regelverket gjeld for behandling av søknader til stillinga.
Me feirar over hundre år med havforsking!
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Havforskingsinstituttet er eitt av dei største marine forskingsinstitutta i Europa, med vel tusen tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv åtte eigne forskingsfartøy. Hovudkontoret vårt ligg i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.
Havforskingsinstituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for å sikre ei bærekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, både nasjonalt og internasjonalt, og for heile kjeda frå hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.
Helge Sagen
Seksjonsleder
0047 95215046
helge@hi.no
30. april 2025
Heiltid (2 stillingar) Heiltid (%)
Fast